Pressefoto

Julekonserten med Vidar Johnsen i kveld er avlyst.

– Grunna svært beskjedent førehandssal av billettar til julekonserten må den diverre avlysast, opplyser Fitjar kultur- og idrettsbygg på si facebookside.

Dagleg leiar på bygget Ole Bergesen melder at alle som har kjøpt billett på nett er kontakta og skal få pengane att.

– Dei som har kjøpt billett i luka, må ta kontakt med meg, so skal me få ordna refusjon, fortel Bergesen, som beklagar at konserten ikkje vert noko av.

Han opplyser om at det er artisten sjølv som har tatt avgjersla om å avlysa konserten.