Arkivfoto: Fitjarposten

Koronaviruset fører til avlysingar av det meste. No er ogso alle gudstenester avlyst. Lukkar biblioteket og utset hendingar.

Fitjar Idrettslag melder at dei følgjer råda frå Noregs Idrettsforbund, kommunen og folkehelseinstituttet og stenger ned all organisert idrett på ubestemt tid.

Dagleg leiar i laget Vidar Aarskog melder ogso at Fitjar treningssenter stenger ned.

– Frå i dag kl.18:00 stenger med dørene. Me ynskjer å vera med på den nasjonale dugnaden mot smittespreiing.

Fitjar Shotokan karateklubb melder på si facebook-side at dei stoppar all aktivitet og alle treningar for no.

Kyrkja avlyser

Fitjar sokn melder at dei fylgjer oppmodinga om tiltak frå Bjørgvin bispedømme, Fitjar kommune og FHI i høve fare for koronasmitte, og avlyser desse hendingane:

  • Konfirmanttur til Røldal (mandag 16. mars)
  • Babysongkurs og småbarnstreff (tysdag 17. og 31. mars)
  • Øvingar til kyrkjekoret (onsdagar)
  • Tentreff og KRIK (fredagar)
  • Temakveld med Osternes mannskor (torsdag 26. mars)
  • Konsert med Leif Jone og Lars Bernhardt Ølberg (1. april)
  • Fitjar-weekend på Helgatun (17. – 19. april)

– Etter pålegg frå biskopen i Bjørgvin er no alle gudstenester i Fitjar kyrkje dei nærmaste vekene avlyst.

Ingen øvingar eller konsertar

Norges Musikkorps melder i ei pressemelding at dei rår alle medlemskorps om å avlysa aktiviteten sin. Fitjar skulekorps lyttar og avlyser alle øvingar, ogso Fitjar musikklag sin konsert vert utsett.

– Alle kulturelle arrangement, gruppeøvinger kor, korps, annet blir avlyst på ubestemt tid, melder Fitjar kultur og idrettsbygg. Dei melder ogso at Fitjar Kino avlyser alle annonserte visningar inntil vidare.

Fitjar Frivilligsentral stenger bading i bassenget på Rimbareid inntil vidare, ogso ope hus utgår. Ogso basaren på Fitjar bu- og behandlingssenter er utsatt.

Lukkar biblioteket

Fitjar folkebibliotek utsetter hendinga med Anna Folkestad, og stenger både biblioteket (og meirope) til 26.mars.

Fitjar kommune melder at datakurset deira utgår, og at utstillinga til Maren Sofie Strømme som skulle vera på Galleri Losjen vert utsett.

Ynskjer å vera førevar

– Kan du tenka deg å vera beredskapspersonell med enkle oppgåver for å få hjula til å gå i rundt om det skulle bli personalmanko ved institusjonane våre, spør Fitjar frivilligsentral.

Dei ber folk melda seg til frivillig arbeid som ikkje inneber pleie-oppgåver ved for eksempel Havnahuset og Sjukeheimen i Fitjar.

– Ein veit aldri kva som kan skje, og me ynskjer å ha frivillige i bakhand.