Her frå året første finn-fram-dag. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Kjem tilbake med ny dato.

O-gruppa ved Fitjar IL skulle i dag arrangera sin 3. finn-fram-dag for sesongen, denne gongen ved Øvrebygda skule. Men når Fitjarposten sin utsendte møtte opp ved Øvrebygda skule var det berre ein familien Ole Sandvik som hadde møtt opp.

Saman spekulerte me i om arrangørane ikkje fann fram til finn-fram-dagen sin.

– Nei, det var nok dei dårlege vermeldingane og manglane kapasitet som gjorde at me måtte avlysa hendinga i dag. Me burde lagt ut ei melding om dette, men det gjekk i gløymeboka, fortel Rolf-Atle Rolfsnes i o-gruppa.

Han fortel at dei ikkje har bestemt ny dato, men at dei satsar på å finna ein dag som høver betre.

- Annonse -