I fjor feira sommarrevyen på Fitjar 20 år med gull og glitter. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Umogleg å gjennomføra den med dagens avstandskrav.

I midten av april vart sommarevyen på Leirvik avlyst, medan revyleiinga på Fitjar forblei optimistiske. Dei uttala til Fitjarposten at dei var klare til å arrangera revyen seinare på året enn vanleg, og at dei ville fortsetja å jobba med revyen til eit eventuelt forlenga arrangementforbod kom frå staten.

Les ogso: Vil tapa millionar, men har trua på at hotellet skal bestå

I dag gjekk dei ut på si facebook-side og meldte at revyen diverre vert avlyst.

– Avstandskrav og reglar gjer det umogleg å gjennomføra årets revy. Me kjem sterkare attende til neste år, og håpar publikum vert med oss vidare.

Vidare håpar dei at folk møter opp når dei skal vera vertskap for revyfestivalen «Berre Galskap» i haust.

– Etter planen vil den verta arrangert 17. til 20. september, men me tek forbehold om at den kan verta flytta grunna koronasituasjonen.