
– Det var det einaste som var forsvarleg å gjera, fortel leiar og dagleg leiar i Fitjar Idrettslag.
Fitjar Idrettslag og Midtfjellet Vindkraft hadde store planar for Midtfjelletdagen 2020. Dagen skulle koma i nytt format, og hendinga var planlagt til å vera større enn tidlegare år.
– Midtfjelletdagen skal vera ein folkefest for heile familien, men med dagens restriksjonar er det rett og slett ikkje mogleg for oss å laga dagen til den festen me ynskjer at det skal vera, fortel leiar i Fitjar Idrettslag Geirmund Aga.
Han kan fortelja at heile styret i FIL, i samråd med Midtfjellet Vindkraft var einige om at å avlysa var den beste slutninga dei kunne ta.
– For at hendinga skulle ha blitt det me ynskja måtte myndigheitene letta på deltakargrensa. Noko dei no har varsla at dei ikkje vil gjera grunna oppblomstring i smittetilfelle. Det var spikaren i kista for oss, fortel dagleg leiar i FIL, Vidar Aarskog.
– Me følgjer reglane, enkelt å greitt. Det er betre å ta samfunnsansvar, avlysa og starta planlegginga av Midtfjelletdagen 2021 enn å arrangera i år og måtta avvisa folk grunna restriksjonane, fortel mennene.
Dei ser no framover til 2021, og håpar dei strengaste restriksjonane er historie til dess.