Bilete frå loppemarknaden i 2018. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar skulekorps avlyser loppemarknaden deira som skulle funne stad seinare i september.

– Me finn det ikkje forsvarleg å gjennomføra eit så stort arrangement slik Koronapandemien har utvikla seg. Me vel difor å avlysa loppemarknaden, skriv skulekorpset på sine sider.

Vidare skriv dei at loppene dei har fått inn vert ståande på lager til dei kan arrangera loppemarknaden.

– Me håpar å få gjennomføra ein ny loppemarknad i løpet av 2021, avsluttar dei.