1500 personar kom til Kråko i fjor for å få med seg Vamp. Arkivfoto: Amalie Sydnes / Stord24

– Dessverre må vi grunna Corona-pandemien og restriksjonane om større samlingar avlyse vår Sommarkonsert i Kråko 2020, melder Jorunn Hernes i ei pressemelding.

Hernes skriv vidare dei hadde gledd seg til ein sommarkveld saman i Kråko.

– Ein kveld med godt øl frå ELØ og god musikk frå det landskjente bandet Staut som hovudartist, med supportband Værsgo (Kim Larsen tribute) og Vivian Steinsland (med lune viser, både eigne og Johannes Kleppevik).

Ho poengterer at omsynet til folkehelsa må vera første prioritet, og at dei sjølvsagt følgjer dei nasjonale retningslinjene og avlyser konserten.

Kryssar fingrane for 2021

– Vi er utruleg takksame for dei som viste så stort engasjement for vår Sommarkonsert at dei kjøpte billett lenge på førehand, og dei har alle saman fått tilbakebetalt pengane for billettane dei kjøpte. Vi vonar å sjå både dei og mange, mange andre neste år, for vi satsar på at situasjonen er annleis neste år slik at vi kan enda ein gong kan arrangera Sommarkonsert i Kråko 2021.