Fitjar vidaregåande. Foto: Ingrid Hovstad

Alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyste, melder kunnskapsdepartementet i ei pressemelding i dag.

Koronautbrotet gjer at regjeringa vel å avlysa skriftleg eksamen for elevane i vidaregåande skule og alle eksamenar i grunnskulen denne våren. Munnleg eksamen i vidaregåande skule er det ennå ikkje tatt ei avgjerd om.

– Eg veit at mange elevar har vore stressa og usikre på om dei må ta eksamen eller ikkje. Som lærar veit eg at det er viktig at elevar og lærarar får avklaring så tidlig som mogleg. Ved å avlysa skriftlege eksamenar får lærarane betre tid til å driva undervisning og å gjera ei god sluttvurdering, seier Melby.

Standpunktkarakterane utgjer rundt 80 prosent av elevanes vitnemål, og er eit uttrykk for elevane sin kompetanse sett over ein lengre periode.

– Elevane vil få vitnemål sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen i år, fortel kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).