Meierikaien på Fitjar har vore avstengt ei tid. Grunn: Lagring av hydrogenperoksid. Stoffet kan både nyttast til avlusing av laks eller som tannbleikingsmiddel

Riktig nok kan hydrogenperoksid nyttast til ymse føremål, men kor sterk konsentrasjon ein nytter er vidt forskjellig, fortel Tom Rydland ved Sjøtroll Havbruk AS.

Før påske nytta me stoffet til avlusing av laks. Det var ein samordna aksjon der avlusing med hydrogenperoksid vart gjort i eit stort område samstundes. Det gjer at effekten av avlusinga vert betre.

Avlusinga føregjekk ved at brønnbåtar henta stoffet i tankane på Meierikaien. Ved kvart anlegg blei laksen overført til brønnbåtane og behandla i 20 minutt før den blei ført tilbake til merdane.

Metoden er tidkrevjande og kostbar, men miljøvenleg. Hydrogenperoksid vert til vatn og oksygen når det vert brukt og gjev difor ikkje skadelege stoff til naturen.

Grunnen til at kaien har vore avstengd er at hydrogenperoksid lagra på tankane, kan være brannfarleg.