Fitjar Mek. er i økonomiske vanskar. Korleis det går med verftet vert avklara i løpet av veka, sa styreformann Helge Møgster til Fitjarposten.no i ettermiddag.

Fitjar Mek. har pengar uteståande som dei ikkje har fått inn, og ditto rekningar dei ikkje har kunne betala. Alt i ti-millionar-klassen. I verste fall kan verftet bli slegen konkurs. Skulle det skje vil òg ein del andre, mindre firma, få problem. Og det heile vil bli eit kjempetap for Fitjarbygda. Så det er all grunn til å kryssa fingrane for at ikkje det kjem til å hende.

Etter det Fitjarposten erfarer manglar det ikkje på ordretilgang. Eit nytt skrog ligg allereie på plass ved "Sveiseneset."

Fitjarposten vil følgje saka vidare.