Dei siste kveldane har åkerriksa vore å høyra på Tislavoll, noko som er ein aldri så liten sensasjon.

Det er Nils K. Rydland som melder dette til Fitjarposten. Han høyrde rikselyden i vest, altså Tislavoll, første gongen natt til tysdag denne veka. Han hugsar godt då åkerriksa var vanleg på våre kantar, fram til 1950-talet, og kjenner lyden godt. Det er såleis ingen grunn til å tvila på den gledelege observasjonen.

Åkerriksa er ein sky fugl, som nesten aldri blir sett. Det latinske namnnet Crex crex har ho fått på grunn av den spesielle songen «kreks, kreks – kreks, kreks«. Nils K. Rydland fortel at han har høyrt den karakteristiske, monotone songen godt frå klokka 23.30 og utover dei siste kveldane.

Åkerriksa er ein sterkt truga art, og på midten av 1990-talet var det berre 50-75 syngjande hannar i heile Noreg. Etter ein liten auke fram til 2003 gjekk talet nedover att. I 2008 blei det registrert 100 i heile Noreg, og berre éin i Hordaland! På slutten av 1990-talet har me heilt sikre observasjonar av åkerrikse på Tislavoll, då bøndene gjorde sitt beste for å unnga å ta livet av henne i slåtten.

Årsaka til den dramatiske nedgangen i bestanden er utviklinga av landbruket sidan slutten av 1800-talet. Spesielt slåmaskinen blei ein dødsfiende for åkerriksa, som hekkar i høgt gras. Både egg, ungar og til og med vaksne åkerrikser har blitt offer for dei kvasse knivane til slåmaskinen. Overgang frå høy til siloslått og tidlegare slåttonn har òg vore med og gjort det vanskeleg for åkerriksa å ala opp ungar.

Åkerriksa står på raudlista over truga artar i Noreg, og på Bonn-konvensjonen si liste over globalt truga fugleartar. Det er laga ein handlingsplan for åkerrikse, og du bli oppmoda om å melda frå dersom du har høyrt eller sett denne fulgen. Sjå denne nettstaden for nærare informasjon: www.akerrikse.no.