Fitjar reiste søndag til Austevoll på jakt etter sin tredje strake seriesiger, men det skulle visa seg at Fitjar skulle få det tøft mot eit aggressivt Austevolls-lag.

A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker fortel til fitjarposten.no at Austevoll tok tidleg styringa i kampen, men Fitjar at var farlege på kontringar og tok leiinga då Brynjar Engelsen heada ned eit frispark bakfrå i beina til Thomas V. Waage, og det stod 0-1. Austevoll utliknar få minutt etter, eit innlegg vart klarert ute på 25 meter, der ein Austevoll spelar klinka ballen på direkten ned i hjørna, 1-1.

-Etter dette hadde Fitjar-laget 3-4 hundreprosentssjansar som i tur og orden vart brende. Thomas og Brynjar var begge to åleine med Austevoll sin siste skanse, men mislykkast. Kjell André Thorland sende i tillegg av garde eit frispark frå 25 meter som traff tverrliggjar og ned, men dessverre utan utteljing, fortel Halleråker.

Om resten av kampen seier han dette: -Når så Austevoll tar leiinga rett før pause, etter at ein Fitjarspelar er uheldig og lager sjølvmål, er det nok litt urettferdig, sjansestatistikken tatt i betraktning, sjølv om Austevoll har ballen mest og pressar Fitjar-laget tilbake på banen. Og når Austevoll lager to raske mål tidleg i andre omgang er mykje kjørt, sjølv om Thomas reduserer til 2-4 etter eit flott gjennomløp.

Resten av omgangen kontrollerer Austevoll, dei flytter beina kjappare, spring meir og vinn totalt sett heilt fortent.

Midtbanen til Fitjar blei mykje springande imellom og etter Austevoll sine spelarar. Roger Almås måtte gje seg allereie på oppvarminga pga. skade, og det var merkbart.

Neste kamp for Fitjar er 8. mai heime mot Apollo.