Kystbussen. Foto: Tide

Kystbussen styrkar rutetilbodet kraftig i sommar.

Då koronakrisa slo inn i mars, bestemte Kystbussen å redusere kraftig i talet på avgangar. Dei siste månadane har rutetilbodet gradvis auka. Frå 1. juli vert tilbodet igjen auka med fleire daglege avgangar, opplyser Kystbussen i ei melding.

– Dette er eit direkte resultat av auka etterspurnad, og vil gi passasjerar eit betre tilbod og fleire valmoglegheiter i høve til reisetidspunkt, seier produkt- og konseptsjef i Tide, Svein Helge Hauge.

Frå 1. juli vil Kystbussen køyre 197 avgangar i veka, tilsvarande ein auke på 83 avgangar, noko som vil vere eit stort steg i retning full produksjon. Endringane medfører justering i rutetidene, så passasjerar vert oppmoda til å sjekke rutene på nettet.

Det auka rutetilbodet vil mellom anna gi fleire daglege «Strake vegen-avgangar» mellom Stavanger og Bergen. Kystbussen vil også leggje til stoppane Nesttun, Leirvik og Aksdal på desse avgangane, slik at fleire kan nytta tilbodet.

I tillegg vil det også bli sett opp ekspressruter mellom Haugesund og Bergen torsdag og fredag.

– Me er svært glade for å kunna auka tilbodet til reisande langs kysten, og me held fram å følgje utviklinga og etterspurnaden nøye framover, slik at me kan tilpasse tilbodet fortlaupande i takt med utviklinga. Samtidig er det framleis eit stykke igjen til ein heilt normal reisesituasjon, seier Hauge.

Kystbussen har som følgje av Covid-19 innført strenge avgrensingar på talet på passasjerar tillate om bord og intensivert reinhaldet for å sikre både dei reisande og sjåførar mot smitte. Mellom anna er dei fremste seteradene nærmast sjåføren sperra av, og det er berre den bakre inngangen på bussen som skal nyttast.