Det er ikkje første gongen Solveig Westerheim har vore på julemesse, her med barnebarnet Martha Westerheim. Foto: Kjetil Rydland.

Den årlege julemessa på Selevik skule blei avvikla i går, og det strøymde på med lokale dåfjordingar, stordabuar og gjester langvegsfrå.

I fjor sleit julemessa på Selevik skule med den sterke konkurransen frå TV-sport på ulike kanalar, men i år var besøket igjen aukande. Det var heilt uråd å finna parkeringsplass på skulen ein halvtime etter opninga, og forklaringa fann me inne i skulehuset, der det var heilt fullt av folk.

Både fastbuande og tilreisande nytta det sure søndagsvêret til å slå av ein prat over ein kopp kaffi, kaker eller lapskaus. Og mange fann seg ei og anna julegåve hos julemessegjengangarane som hadde stilt ut varene sine i klasserommet. Ein og annan nykommar fann me òg blant utstillarane i år.

Ein som ikkje treng klaga over omsetnaden, er Onar Westerheim, som baud fram  eigenprodusert honning frå Prestbø og frå Dåfjorden. Sjølv var Onar oppteken på Jensaneset i går, men utsendingane hans gjorde ein fin jobb.

Blant utstillarane i går la me merke til at mor hans, Solveig Westerheim på 96 år, var på plass igjen med strikka produkt, saman med barnebarnet sitt, fjortenåringen Martha Westerheim. Som vanleg var det mange som selde fine strikkevarer, og det var kanskje ikkje så lett å bli av med alt, om varene var aldri så fine.

Av nykommarane i går la me merke til Cathrine Westerheim, som selde tannkrem, sminke og ulike hudpleieprodukt til barn og vaksne. Nicolai Agdestein stilte opp med fine, heimelaga bjørkehjarte med lys. Han fortel at han har selt ein god del, men dette blir siste julemessa for hans del. Nicolai legg til at han har fleire bjørkehjarte heime i garasjen.

Som kjent har dåfjordingane vore travelt opptekne med andre, vanskelegare ting i haust, men årets julemesse stod ikkje noko til atters for dei me har vore med på før. Som vanleg er det velforeininga som arrangerer, men denne gongen hadde dei «sett ut» jobben til ein komite, med Doris Ertsås Westerheim, Reidun Sørensen og Hege Vågen i spissen. Reidun Sørensen understrekar at heile bygda har stilt villig opp som vanleg, med kakebaking og annan dugnad.

Ho seier seg godt nøgd med frammøtet: – Her er bra med folk, og mange eg ikkje kjenner!