Unn Vigdis Skåtun og Karsten Vestbøstad hjå Varehuset Rydland fortel at handelen i desember i år overgår desember i fjor.

Då Fitjarposten var innom Varehuset Rydland rett etter opning juleaftan, var det roleg i butikken. Om det tyder at folk har ordna alt dei skulle i god tid, er uvisst. Det gjorde i alle fall at det var råd å sjekka korleis stoda er, like før julehandelen blir avslutta.

Korleis har julehandelen vore hjå dykk i år?
– Det har vore eit jamt sig den siste tida, og me har omsett for meir i desember år enn i fjor, fortel butikksjef Karsten Vestbøstad.

– Tidlegare har me stått og pakka inn gåver like til det siste, men ikkje no lenger, legg Unn Vigdis Skåtun til. Ei forklaring, trur ho, at ein del av handelen er flytta over på nett.

– I år har me selt mange DAB-radioar, snop og små pyntejuletre. Me har faktisk også selt ein god del TV. Det er ikkje sikkert at alle dei er julegåver. Det er ikkje så mange av dei som har blitt pakka inn her, fortel Vestbøstad. Han legg til at det også er mange som har kjøpt klassikargåva frå ein elektrisk butikk, nemleg mobiltelefon.

Status juleaftan viser at fitjarfolk i år har vore flinke til å handla lokalt. Vestbøstad fortel at desember i år er betre enn i fjor i butikken hans. Og det trass i skarp konkurranse, med nettbutikkar og store handlesenter innfor ein rimeleg radius.
– Me ønskjer ikkje å vera ein vanleg butikk, men heller dyrka særpreget vårt. Dersom me er heilt «vanlege», går folk kanskje andre stader, utdjupar han.
Kundar må ein ha, skal ein driva butikk. Ein viktig faktor er å få folk til å koma innom, å ha noko som er attraktivt. Då må ein ha dei rette varene til rett tid. Og etter omsetningsauken å døma har varehuset treft godt. Vestbøstad fortel at dei i år har tatt inn meir varer enn dei pleier, og fått omsetnad på dei.

Må hengja med
Å handla lokalt er av og til eit val som må gjerast medvite. Karsten Vestbøstad fortel at ein er avhengig av at kundane brukar dei tilboda som finst lokalt, elles kan dei forsvinna. – Og forsvinn ein butikk, kan fleire følgja etter. Ting heng saman. Me på vår side må følgja med på det som skjer og passa på at me har varer folk vil ha.

– Det nyttar ikkje å sova i timen, legg Unn Vigdis Skåtun til. Eit tiltak er å visa att på Facebook. Vestbøstad rosar innsatsen dei tilsette legg ned for å halda facebooksida oppdatert. Og i skrivande stund er det over 1700 som likar sida deira og følgjer med på kva varer dei kan få tak i i butikken. – Og det talet er høgt på ein så liten plass som Fitjar, konstaterer Vestbøstad, som i same slengen ønskjer alle kundane god jul.

 

Ingressbilete: Unn Vigdis Skåtun og Karsten Vestbøstad med dei store salvinnarane i år: DAB-radio og pyntejuletre. Foto: Arne Vestbøstad