Lågare rente på bankinnskot og auka bevisstgjering kring eigen pensjon har gitt ein kraftig auke i sal av fondsavtalar i år samanlikna med i fjor, melder Sparebanken Vest. Bilete: Arve Havnerås. Foto: Spv

– Hittil i år har Sparebanken Vest hatt ein auke på 76 % i sal av fondsavtalar, og størst interesse har det vore for kombinasjonsfond, seier banksjef Arve Havnerås i Sparebanken Vest på Stord i ei pressemelding.

– Det er gledeleg å sjå at kundane tek meir ansvar for sparinga si, og at fleire har eit bevisst forhold til kva dei skal spare til og korleis, legg han til.

Totalt forvaltar no Sparebanken Vest over 5 milliard kroner i fond for kundane, og over de siste tre åra har kundane opplevd ei samla avkasting på fondsplasseringane sine på 1,2 milliard kroner eller 40 prosent. Kva slags type spareform som passar kunden avheng av kva du ønskjer å spare til, når du ønskjer å få tilgang til pengane og kva risiko du ønskjer å ta. 

– Eg trur at årsaka til at mange no set sparepengane inn i fond er todelt. Norske bankar har i dag ei såpass låg rente på innskot at flinke bankspararar risikerer å tape kjøpekraft fordi prisstigning, skatt på rentegevinst og eventuell formuesskatt et opp avkastninga, skriv Havneraås.