Aud Vedøy, her på tysdagsklubben i Øvrebygda. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Får prisen for hennar unike evne til å hjelpa naboar og sambygdingar med smått og stort.

Frivilligprisen har sidan 2000 blitt gjeven til ein initiativrik person, lokal forening eller gruppe som gjennom sine idear, og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre. Med sine idear har han/ho/dei medverka til eit meir ope og aktivt samfunn.

Styret i Fitjar frivilligsentral har i år bestemt at prisen skal gå til Aud Vedøy, som fekk den glade beskjeden etter trimstunda ho deltek på på torsdagar. Sjølve prisutdelinga vert 5.desember.

– Juryen har lagt vekt på kandidatens store engasjement for frivillig arbeid gjennom mange år. I tillegg hennar unike evne til å hjelpa naboar og sambygdingar med smått og stort.

– Kandidaten dreiv i mange år barne- misjonsgruppe frå eigen heim: den populære jenteforening for dei unge jentene i Øvrebygda. Etter etablering av bruktbutikken i Sagvåg (no på Heiane) har kandidaten arbeidd svært mange timar der. I tillegg har ho vore besøksven gjennom frivilligsentralen svært mange år, skriv styret i si grunngjeving.

Dei legg ogso til at Aud Vedøy har vore kommunestyrerepresentant og er ei svært engasjert og hjartevarm dame.

Styret for Fitjar frivilligsentral melder at det i år var 4 gode kandidatar til prisen. Føremålet med utdelinga er å styrka samspel mellom kultur, helse og frivillig sektor, og heva status på frivillig arbeid i bygda.

– Me har no dela ut prisen sidan 2000. Folket i Fitjar er mykje flinkare til å fremja kandidatar til frivilligprisen no. Det er gledleg, avsluttar styret.