Sigurd Andre Maraas (FrP). Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar Frp hadde sitt årsmøte på Fitjar fjordhotell onsdag 8.januar, og lokallagsleiar Sigurd Andre Maraas fortset i vervet.

Årsmøtet hadde besøk frå fylkesstyrerepresentant og fylkestingets gruppeleiar Sigbjørn Framnes, som helsa årsmøte.

– Det blei diskutert vanlege årsmøtesaker, og partiet sine lokalpolitiske linjer, mål og ambisjonar for 2020 blei gått igjennom. Her kan me trekkja fram viktige punkt som omhandlar blant anna eigedomsskatt, vindkraft, skulebruksplan, næringsutvikling, kor viktig eit lokalt og sterkt næringsliv er, planar for vekst og utvikling, tenestetilbod til alle som bur i Fitjar. Me vil vera ein ja kommune, og vera tett på i sakene, melder Maraas i ei pressemelding frå Fitjar FrP.

Han fortel at Fitjar Frp vil spesielt gje ein «high five» til ungdomsrådet, og minner om at Fitjar FrP er tilgjengelige om rådet treng hjelp eller vegleiing i saker.

– Fitjar Frp sit i dag med varaordfører og skal byggja vidare på det, gjennom handling og måloppnåing frå lokallaget sitt program. Lokallaget er i vekst, men me treng fleire nye medlemer frå ulike delar av kommunen, ulikt kjønn og aldersgrupper for å fortsetja vår vekst, melder lokallaget i Fitjar, som ynskjer alle velkomne om bord.

Fitjar Frp vil understreka viktigheita av å ha med engasjerte innbyggarar på laget.

– Det er medlemmane i lokallaget som er med på å forma og styra lokallaget sin politikk og retningsval gjennom deltaking på gruppemøter, medlemsmøter, innspel via styret og deltaking på årsmøtet, avsluttar Maraas på vegne av laget.