Ingebrigt S. Sørfonn var i helga attvalt som leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS) på organisasjonen sitt Årsmøte på Bømlo. Foto: Kjetil Fyllingen.

I ein kommentar til fitjarposten.no om kvifor han har valt å seie ja til endå ein periode som leiar, med alt det fører med av arbeid og utfordringar, seier han:

-Det er svært meiningsfylt å stå i leiinga for IMS. Det skjer mykje spennande i organisasjonen vår for tida.  Ikkje minst med omsyn til me har fått med oss mange nye krefter, og at det ikkje er mangel på  liv og visjonar. Gledeleg er det at det har lukkast oss å få nye styrarar på både Brandøy og Helgatun, seier Ingebrigt.

Han nemner så tre punkt som er viktige i samband med Årsmøtet til IMS:

1. Ein samlingsplass / eit torg der ein som indremisjonsfolk kan ha det sosialt i lag.

2. Eit forum der ein kan diskutere strategi og vidareutvikling av misjonen.

3. Den åndelege sida, med forkynning av det frigjerande evangeliet. Dette både er og har vore det viktigaste punktet. 

Vidare skal me vere midt i folkelivet, i folk sin kvardag, der folk er.

-Eg opplevde at Årsmøtet vart ein god manifestasjon på dette, seier Ingebrigt, til slutt.

Me nemner òg at Sindre Aarbø vart alltvalt som medlem i IMS sitt ungdomsråd.