Hilde Karin Vedøy Eiken vart attvalt for to nye år i prostirådet i Sunnhordland prosti. Det skjedde under eit val i samband med prosten si nyårsmottaking i Nysæther kyrkje i går.

I talen sin under nyårsmottakinga trekte prost Svein Arne Theodorsen fram Fitjar i fleire samanhengar. Både Hatlevikbasaren, og fleire sider av det kyrkjelege ungdomsarbeidet i Fitjar, vart nemnt. Godt følgt opp med fleire bilete frå arbeidet hos oss.

Tema frå prosten sitt foredrag denne gongen var «Ung kyrkje i Sunnhordland», og Theodorsen gav til beste ein god oppsummering om kva ungdomsarbeid ein finn i Sunnhordland prosti. Han snakka òg ein del om det nye trusopplæringsprogrammet for Den norske kyrkje.

Med under mottakinga var òg to ungdomsskor: Dekor (tidlegare Gilje ungdomskor) frå Bømlo og Tensingkoret Sveising frå Sveio.

Årets frivilligpris gjekk til Alfhild Hestenes frå Lykling på Bømlo for eit svært omfattande kyrkjeleg engasjement.