Tittelen «Attraktive Fitjar» høvde godt for næringssamilinga som blei avvikla på Fitjar Fjordhotell denne veka, og ordførar Wenche Tislevoll hausta mange lovord frå deltakarane etterpå.

Vel 30 representantar for små og store verksemder hadde teke mot invitasjonen og møtte opp til seminaret som Fitjar Næringsråd, Fitjar kommune og Atheno hadde bedt inn til onsdag kveld. Fokuset for samlinga var Fitjar som ein attraktiv stad å bu, leva og arbeida i framtida. Dette var gjennomgangstemaet til foredragshaldarane, som i tur og orden appellerte deltakarane om å vera stolte av Fitjar.

Dagleg leiar ved Fitjar Mekaniske Verksted, Hugo M. Strand, heldt innleiingsforedraget med tittelen «Hurra for Fitjar!». På sin humoristiske måte gjorde han greie for korleis ein utanforståande ser på Fitjar. Han meiner me i Fitjar er heldige. Næringsliv består av ei god blanding lokale eigarar og store, eksterne eigarar. Me er framtidsretta med vindenergi og matproduksjon, og plasseringa er gunstig, på den norske «Gullkysten» nær E39. Hugo karakteriserte folk som positive, lågmælte og arbeidsame. Me merka oss blant anna at Fitjar har «den minst konfliktsøkande lokalvisa». Elles var ikkje spissformuleringane til Hugo Strand eigna til å provosera nokon denne gongen – i alle høve ikkje ei slik forsamling. Han oppmoda fitjarbuen om å stå i lag, og der har de litt å gå på! Han synest mange er altfor stille, når det stormar. Og at me er altfor opptekne av Leirvik.
– Verdset det du har, og ikkje det du kunne hatt!

Dei andre foredragshaldarane understreka mykje av det Hugo Strand sa i innleiingsforedraget. Magne Raknes har vore næringssjef i Bømlo kommune i mange år, og er i ferd med å starta opp si eiga bedrift i reklamebransjen, Han har god røynsle med merkevarebygging, og står blant anna bak slagordet «driftige folk i vakker natur». Omdømme er summen av korleis verda oppfattar oss. Han oppmoda om å våga skilja seg ut. – Det er dumt å prøva å likna på andre, sa Magne Raknes blant anna.

Ove Wilhelmsen er dagleg leiar ved Wärtsilä Ship Design Fitjar, det leiande skipsdesignfirmaet i verda, med avdelingar både i China, Singapore, Serbia og Polen, i tillegg til Norge. Han har lokal tilknyting i fokus, og fortalte at han nyttar dette når han rekrutterer folk til verksemda. Vakre Sunnhordland, lokal tilknyting, interessant arbeid, innovasjon og design, internasjonal aktivitet, arbeidsmiljø og velferd, økonomi, bustad, familie og oppvekst, barnehage og skule, kommunale tenestetilbod er stikkord for Wärtsilä-leiaren, som føretrekkjer å sjå på oss meir som øysamfunn enn som bysamfunn.

For å få nytt næringsliv til Fitjar trengst det entreprenørskap, og dette var temaet for foredraget til Nina Østensjø Borrevik frå Atheno: «Med entreprenørskap frå skule til jobb». Entreprenørskap er å etablera eller utvikla ny forretningsmessig verksemd. Ho minte om at arbeidslivet søkjer eigenskapar som evne og vilje til å ta initiativ, nytenking og kreativitet, sjølvtillit, risikovilje og samarbeidsevner. Ho rosa Fitjar vidaregåande skule for arbeidet dei gjer med å fremja slike eigenskapar gjennom såkalla «ungdomsbedrifter».

Høgast temperatur vekte nok avslutningsforedraget «Attraktive sentrum» ved Odd Sverre Larsen, dagleg leiar i Odd Larsen AS på Fitjar. Som kjent er ikkje trafikkavviklinga gjennom Fitjar sentrum den beste, og det har teke lang tid å få orden på krysset midt i sentrum. Eit sentrum må vera tilgjengeleg, elles døyr sentrum ut. Det tyder at bilar må kunna parkerast i rimeleg nærleik av sentrumskjerna. Dermed kom ein ikkje utanom diskusjonen om gjennomgangstrafikken bør gå utanom sentrum eller ikkje.

Odd Sverre er ein praktisk mann, og har mange konstruktive tankar om korleis sentrum kan utviklast. Denne gongen hadde han med seg eit tankevekkjande sitat frå professor dr. philos. Dag Jørund Lønning frå Stord: «Aktiv sentrumsbruk kan ikkje vedtakast, men må veksa fram nedanfrå».

Vertskapet for næringssamlinga fekk mykje ros for programmet, som fleire av deltakarane opplevde som inspirerande. Å måla verknaden av slike samlingar er ikkje lett, men møtet denne kvelden viste at dei kan vera nyttige som møtestader for folk som ønskjer å skapa noko.

Ingressbilete: Dagleg leiar ved Wärtsilä Ship Design Fitjar, Ove H. Wilhelmsen, framfor eit bilete som han ikkje er så lite stolt av. Det syner supplyskipet Tromsø Pollux i arbeid ved Grønland. Dette er eit skip som er bygt for ekstreme forhold i nord, og kan blant anna taua store isfjell, for å unngå at dei skal kollidera med olje- og gassinstallasjonar og føra til katastrofe. Foto: Kjetil Rydland.