Misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad var tilstades og presenterte eit prosjekt som Fitjar sokneråd er engasjert i.

Misjonssekretær Odd Bjarne Skogestad var tilstades og presenterte eit prosjekt som Fitjar sokneråd er engasjert i. Han fortalde at kyrkjelyden i 2010 gav  ca. 34.000 kr i offer til Israelsmisjonen sitt freds- og forsoningsarbeid i Midtausten.

Ved hjelp av tekst og bilete på storskjerm gav Skogestad god informasjon om prosjektet som vert kalla Brubyggjarar – mot alle odds.  Den Norske Israelsmisjonen, Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja,  Musalaha (ein kristen organisasjon i Israel), Caspari Center og Det Palestinske Bibelselskap  står bak opplegget, som er retta mot norske, palestinske og israelske ungdommar i alderen 20 – 25 år, med 10 deltakarar frå kvar gruppe. Desse blir kjende og får opplæring gjennom sommarleir i Norge og ørkenleir i Midtausten.

Innhald på samlingane er bli-kjent-aktivitetar, undervisning om bl.a. kultur, frykt og makt, og korleis ein kan leve og handle saman. Det vert og lagt vekt på Bibelundervisning, bøn og fellesskap. Målet er å skape grunnlag for gjensidig forsoning og auke kunnskap og forståing for motparten. Deltakarane skal vere fredsagentar der dei bur.

Det ideologiske grunnlaget for prosjektet byggjer på forsoning, som er eit grunnleggjande ord i Bibelen. Bibelen talar om forsoning mellom Gud og menneske, men også mellom menneske.

Israelsmisjonen har tru for å støtte  arbeidet som vert lagt ned i ”Bridgebuilders” med tanke på  fred og forsoning i Midtausten.

Israelsmisjonen har ei aktiv forening på Fitjar.