Eit utval i soknerådet  arrangerer temakveldar også denne hausten.

Bremnes Kantori  fyllte Fitjar kyrkje med velklingande salmesong i går kveld. Meir enn 30 kormedlemmer, både kvinner og menn,  innleia med å syngja Se solens skjønne lys og prakt. Gamle og nyare salmer og songar stod på repertoaret. Koret vart dirigert av Jostein Molde, som har vori dirigent sidan starten i 1989. Eli N. Simonsen las mange dikt med ei flott innleving som berre ho kan få til. Det var ei fin veksling mellom korsong, diktlesing og allsong, alt saman i tråd med temaet for kvelden «I den stille afton». Song og opplesing gav ro i sjela og von om ei framtid i følgje med Han som står bak skaparverket. Det var mektig å lytte til kantoriet sin avslutningssong I Himmelen, der Karsten Nesse song solo.

Benedicte Meyer formidla ein hjarteleg takk til deltakarane ved å gi ein blomsterbukett til Eli N. Simonsen og Jostein Molde. Dei mange tilhøyrarane gjekk ut av kyrkja og nemnde for kvarandre kor vakkert salmesongen lydde denne kvelden.

Meir om Bremnes kantori kan ein lesa i Anne Berit Tornes si førehandsomtale sist måndag.