Fitjarordførar Wenche Tislevoll er mellom åtte ordførerar i Sunnhordland som trass i ofseleg vêr, søv ute ved Lundstre Gard på Stord i natt. På bildet saman med Stord-ordførar Liv Kari Eskeland og statsminister Erna Solberg. Arkivfoto: FP/HCH

Alle har ordførarane teke utfordringa frå Norsk Friluftsliv og klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) om å sove utandørs i januar i høve Friluftslivets år. I følgje Haugesunds Avis fiksar Stord-ordfører Liv Kari Eskeland frukost, medan Ruth Eriksen stilte med heimelaga baccalao til kveldsmat.

Ordførarane som har teke  utfordringa er Odd Harald Hovland (Bømlo), Renate Klepsvik (Austevoll), Wenche Tislevold (Fitjar), Kjetil Hestad (Tysnes), Synnøve Solbakken (Kvinnherad), Ruth Eriksen (Sveio) og Sigve Sørheim (Etne).

Friluftslivets år 2015 vert offisielt opna 13. januar i heile Norge.

Stordordførar Liv Kari  er ambassadør for Friluftslivets år og utfordra alle under ei samtale på Lundstre i kveld til å komme med ideer for hva kommunane kan gjere for å få fleire til å komme seg ut i naturen.

Sjå òg Haugesunds Avis.