Trass i sterk fokus på trafikkfarleg veg køyrer folk framleis for fort på E39 frå Hageberg til Sandvikvåg. I dag vart åtte bilførarar bøtelagde ved Engevik.

Operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fortel i politiloggen at tre UP patruljar gjennomførte fartskontroll i 60 sona ved Engevik i dag.  Resultatet vart forenkla førelegg for høg fart. Høgaste 80 kmt.