Astrid Lindgren ville fylt 100 år 14. november. Fitjar soknerådsbarnehage set derfor fokus på Astrid Lindgren og bøkene hennar denne månaden. Ungane har blitt kjent med Pippi, Emil og Karlson på taket. Fleire av Lindgren sine bøker skal dei bli kjent med utover året. Ungane har snekkra,måla, teikna og limt. Resultatet har blitt: snekkerbua til Emil, tregubbane til Emil,Pippis hest, Pippi-dokka m.m.

Desse formingsprodukta er stillt ut på biblioteket denne veka, så gå og sjå kor kreative ungane er!

Og sjølvaste fødseldagen til Astrid Lindgren (14.nov.) blei feira med fest. Pølser og fine fruktfat stod på menyen. Ingen ringare enn Pippi Langstrømpe dukka opp, i ped.leiar Åstrid G. Aases skikkelse.