Andreas Moe Larsen er byrja i stillinga som assisterande rådmann.

I kommunestyremøtet i går kunne ordførar Wenche Tislevoll ynskja ein ny medarbeidar velkomen. 

Andreas Moe Larsen, som bur på Stord, kjem frå jobb i Haugesund kommune, der han den siste tida har jobba spesielt med samhandlingsreforma.

Som assisterande rådmann i Fitjar vil han få langt meir varierte arbeidsoppgåver. Han tar over etter Halvard Wiik, som hadde tittelen kontor- og personalsjef.