Haugesunds Avis cup vart i helga arrangert i Røldal. Tre skyttarar frå Fitjar Skyttarlag tok medaljer.

Asle Kvamsdal tok gull som siste års junior med full pott. Han fekk 350 poeng. Neste år startar han i seniorklassa.

I klasse V 65 tok Nils Rydland sølv. Gisle Vik tok bronse i klasse 1.