I helga har nærmare 300 fotballspelarar vore i aksjon i Fitjar kultur- og idrettsbygg. I årets innandørscup, som Fitjar Idrettslag arrangerte i samarbeid med Askeladden Finans AS, deltok 34 lag, fordelt på 3 klassar: Open klasse damer, open klasse herrar og elite herrar.

I eliteklassen for herrar vann ”Torpedo” frå Fitjar 1-0 etter ein jamn finale mot ”Insiranta Elvador” frå Bømlo. Sjølv om bømlingane stilte med A-lagsspelaren Joakim Våge Nilsen frå FK Haugesund, blei dei ikkje sterke nok mot ”Torpedo” med fire blad Træet på laget. Arild Træet scora i sluttminuttane og avgjorde med det kampen. På vinnarlaget spelte Åsmund Sørfonn, Stian Hatlevik og Gjert Ståle Olsen saman med dei fire brørne Træet, Kjell, Arild, Oddgeir og Helge. 

I damefinalen var Advantec storfavorittar etter at dei hadde slått Rosendal i semifinalen, ein kamp som på mange måtar blei den ”moralske finalen”. Her møttest to knallgode lag, og Rosendal leia 2-0 før Advantec kom tilbake og vann kampen 3-2. Finalen vann Advantec til slutt så klart som 4-0, men dei måtte slita meir enn venta med å få mål mot eit godt kjempande ”Ka gjere me her” frå Bømlo. Då dei først fekk hol på byllen, rann måla inn. På vinnarlaget finn me fleire kjente fotballnamn: Anne Sofie Stokken, Anja Borgenvik, Rita Borgenvik Hansen, Lena Bosvik Ask, Anita Rykkje, Aina Størksen, Lene Stavland, Toril Borrevik og Kristine Borgenvik.  

I ”bedriftsklassen” for herrar møttest ”Håkel-klubben” og ”The Red Devils and one blues fan” med tyngdepunkt i Øvrebygda. Her blei sluttresultatet  4-1 til ovbygdarane. På vinnarlaget spelte Vegar Helland, Edvin Helland, Andre Helland, Johnny Helland, Bjørn Vidar Hollund, Idar Mjønes, Rune Skumsnes og Leif Kåre Natterøy.  

Ole Bergesen og Stein Gunnar Halleråker i arrangementskomiteen fortel at cupen har blitt avvikla utan praktiske problem av noko slag. Av 36 påmelde lag stilte 34 opp, og kampane har blitt avvikla etter tidsskjemaet. Tribunen har vore full store delar av helga, og stemninga her vore på topp. Å unngå skader er vanskeleg i slike cupar. Denne gongen gekk det rimeleg bra, men to spelarar har blitt sende til Stord sjukehus. Laurdag fekk ein spelar olbogen ut av ledd, men blir rapportert å ha det bra. I dag blei ein mann send til sjukehuset etter eit kraftig overtrakk, men også han er heime igjen søndag kveld.