Torsdag 27. august er det ny temakveld i Fitjar kyrkje. Då kåserer radiojournalisten Åshild Ulstrup over temaet: «Lyset og skuggen er sysken på jorda», opplyser Eli Simonsen i ei pressemelding.

 

 

 

Åshild Ulstrup er vaskeekte sunnhordlending. Ho vaks opp på «Valo», og ho reiste ofte på vitjing til besteforeldra på Stord. Det vaksne livet har ho stort sett vore heimehøyrande i Oslo, men ho let seg lett lokka over fjellet. Oppveksten har vore viktig for livet hennar.  

Ho utdanna seg til journalist. Det meste av yrkeskarrieren har ho hatt i NRK. Ho er levande interessert i menneske, og ho har fått mange til å fortelja frå liva sine i programma ho har laga. Slik me skjønar det, vil ulike menneskelagnader, òg hennar eigen, vera bakgrunn for kåseriet hennar. Livet har gode og tunge dagar for dei fleste av oss.

Åshild er songglad, og ho ynskjer litt allsong denne kvelden. Forstår me henne rett, munnar det heile ut i sterk fedrelandskjærleik!

 

Arrangørane ser fram til ein spanande kveld med ei kjend radiorøyst, og dei vonar mange vert med på «ferda»!

 

Foto: