I dag fekk  vegen i Fitjarstølane, frå Steinabrekko og krysset til Søre Stølen og opp i Øksabrekko, ny asfalt.

 Når asfaltgjengen er heilt ferdig her, skal eit området ved Fitjar Fjordhotell òg få asfalt, før gjengen som asfalterer forlater bygda for denne gong. Dei fortel til fitjarposten.no at dei utfører jobbar på heile Vestlandet, og av og til i andre fylke òg.

Ingressfoto: Asfaltering i Fitjarstølane tidlegare i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt