Fitjar-jentene i 15-årsklasssen hadde lite å stilla opp med mot Åsane i seriekampen søndag ettermiddag, og måtte tola stortap 7-34.

Gjestene frå Åsane viste seg som eit svært godt lag, minst ein divisjon betre enn heimelaget. Det gjekk heile ti minutt før Fitjar scora det første målet sitt, då Marie Ervik Husøy reduserte til 1-7. Og scoringa markerte ikkje noko vendepunkt. Ved pause stod det heile 3-18, etter at bortelaget hadde fått lett spel mot eit stilleståande Fitjar-forsvar. Det gjorde ikkje saka betre at bortelaget hadde ein solid keeper i Tina D. Sture. Ho redda det meste, og sette i gang mange kontringar før Fitjar-jentene fekk sukk for seg.

Andre omgang heldt fram i same sporet som den første. Lettbeinte Åsane-jenter fekk gjera meir eller mindre som dei ville, sjølv om heimelaget kjempa tappert. Den gode dommaren Helge Hafsås frå Stryn snytte Fitjar for ei scoring på slutten av kampen. Men dette ville neppe snudd kampen, og protestane blei nokså beskjedne.

7-34 er naturlegvis eit stygt tap, men hovudproblemet denne gongen var at motstanden var altfor god. Keeperen Tina D. Sture er nemnd, men me likte òg 11-målsscoraren Lisa G. Nygård. Til liks med fleire Åsane-spelarar har ho nok potensial til å nå relativt høgt i divisjonssystemet.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristi Rydland (keeper)
Marie Ervik Husøy (1)
Tiril B. Stegane
Malene Lussand (1)
Solveig Liarbø
Amalie Korsvik (1)
Janne Vågen
Jeanett Rasmussen (2)
Jannike Korsvik (1)
Hanne Tveita (1)
Marthe V. Nordfonn
Helene Rimmereid