Med utgangspunkt i eit oppdikta eventyr har elevane i Vg1 Design og håndverk laga ei svært spennande utstilling i kantina på skulen.

 

– Begge klassane i dette faget har vore med, opplyser Leif Hedman som saman med dei to andre lærarane til klassane, Hilde Killingrød og Rigmor Lamo, har vore rettleiarar for det heile.

Utgangspunktet for skulpturane er ein streng, montert på ein kloss. Så har ein bygt på denne med diverse materiale. Samla uttrykkjer figurane mykje av samfunnet som er å finne i eventyra, med konge, dronning, prest og fut – og tjuven til slutt i «paraden». (Sjå biletet til høgre. Klikk på det for å få det større.)