Engelsk springer spaniel`en, Thira, beit over band med pølse på. Ordførar Agnar Aarskog klypte raud snor. Dermed vart dyreklinikken i Fitjar offisielt opna.

-Det er kanskje fleire dyr i Fitjar enn det er folk, og dei blir sjuke dei òg. Då er det godt at me har ein dyreklinikk her, sa ordførar Agnar Aarskog under opningga, og la til at han set stor pris på kvar ny aktivitet som etablerer seg i Fitjar. Veterinær Johannes Slettebø snakka fint om lokala, om eigarane FIBO eigedom AS, og meinte at om ein ikkje kan gjera alt på denne dyreklinikken, kan ein gjera svært mykje.

Elles var det gode ord frå Reidar Kloster frå Fitjar Bondelag, kveding av Ingolf Rimmereid – og vakker musikk av Maria Malmsteen (fløyte) og dottera Tiril (fiolin).

Maria og Tiril. Foto: Håkon C. Hartvedt