Elevane ved VG2 Interiør og Utstillingsdesign ved Fitjar vgs har laga innreiingsframlegg til vertikaldelte tomannsbustader, bygt av Norgeshus Torvund & Tislevoll.

Innreiingsframlegga er utstilt i Meierilokalet der Norgeshus har kontor, og elevane fortel til fitjarposten.no at dette er eit prosjekt dei, meir eller mindre, har jobba med heile skuleåret.

Dei har ikkje nytta data til oppgåva, alt er teikna for hand – og resultatet er spennande.

Meir detaljert gjekk oppgåva ut på å innreia ei heil leilegheit for eit ungt par som ventar barn, og utfordringa var å få til ein designmessig raud tråd gjennom heile leilegheita.

To av elevane som stilte opp til intervju med fitjarposten.no, fortel at dei vil utdanna seg vidare gjennom allmenn påbygging og høgskule for å bli interiørarkitektar, eller noko innan dette fagområdet. Den tredje vil utdanna seg vidare til fotograf.