Onsdag 1. juni var alle førskulebarna som går i barnehagane i Fitjar samla i Fjellheim Friluftsbarnehage til tur og grilling i barnehagen etterpå.

– 35 barn var med på turen til nokre av turplassane i nærområdet til Fjellheim. Ungane fekk god tid til å leike saman både i skogen og i barnehagen etterpå.

Ein flott mulegheit for å bli betre kjend med kvarandre og ein særdeles hyggjeleg dag for både barn og vaksne, skriv Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no.