A-laget til Fitjar lukkast dårleg mot Nordnes i seriekampen laurdag ettermiddag; dei blei aldri vener med den ufyselege vinden, og måtte sjå Nordnes stikka av med 3 poeng etter 3-0. Fitjar-gutane fekk ikkje vist seg fram frå si beste side laurdag, då dei tok mot Nordnes til nest siste heimekamp for sesongen. Det var Nordnes som opna best og var farlegast frampå første halvdel av første omgang, og det var ikkje ufortent då gjestene tok leiinga etter 27 minutt. Ein corner frå høgresida blei heada forbi Vidar Vestbøstad i Fitjar-målet.

Fitjar har altfor mange enkle balltap på eigen banehalvdel i første omgang, på eitt av desse balltapa vinn Nordnes ballen på venstrekanten, og på det presise innlegget blir ballen heada inn bak Fitjar sin sisteskanse.

I andre omgang løftar Fitjar-laget seg litt, men ikkje nok til at dei skaper det heilt store «trøkket» mot Nordnes-målet. Når så Fitjar misser ballen enkelt frå seg, «kontrar» Nordnes inn sitt tredje mål for dagen, og kampen er avgjort.

Etter ei rekkje gode kampar på heimegraset leverte Fitjar årsverste laurdag. Ein vinn ikkje kampar på seniornivå med innsatsen som blei levert denne gonge, når ein i tillegg er så upresis i pasningspel og ballmottak, blir det vanskeleg. Trøysta får vera at det var ein kollektiv «svikt», og at laget skal få høve til å visa seg frå ei heilt anna side i neste kamp, borte mot Laksevåg søndag 10. oktober.