Fitjar Idrettslag minner om at februar er årsmøtetid, og både fotball og handball avviklar sine årsmøte denne veka. Først ute er fotballgruppa, som avviklar årsmøtet sitt i morgon, tysdag, kl. 20.00.

Onsdag kveld er det handballgrupopa sin tur, kl. 19.00.

Begge årsmøta blir avvikla i klubbhuset, Fitjar Idrettspark.

Alle som er engasjerte i aktivitetane til idrettslaget, bør nytta høvet til å møta fram. Årsmøtet er eit godt høve til å følgja med på kva som skjer, og vera med og ha innverknad på drifta.