Måndag 8. mars vert det årsmøte i Radio Fitjar. Radioen har vore i drift sidan 1993 og sender heile døgnet på FM 105,9 MHz.

Radioen har i dag, i tillegg til lokallaga program, samarbeid med Norea Radio i Kristiansand og P7 Kristen Riksradio på Sotra. Det gjer det mogeleg å sende heile døgnet. Programma frå Norea inneheld innslag frå heile landet. Dei har no starta eit program, ”Sju te ni”, mellom kl 07 og 09. Dette inneheld i tillegg til vanlege innslag, nyhetsbulleteng kvar halve time.

Radioen vert halde i drift på dugnad og kostnadene vert dekka med fast gjevarteneste og gåver. Me treng fleire faste gjevarar for å halde drifta i gong så kan du tenkje deg å støtte drifta hadde det vore til stor hjelp.

Årsmøtet vert måndag 8. mars kl. 19.30. Det er råd og teikna seg som medlem i radioen på årsmøtet. Vel møtt ! Sjå oppslag her.