Fitjar Næringsråd avvikla i går kveld årsmøtet sitt, med godt oppmøte, utdeling av næringsprisen og variert program.

Næringsprisen gjekk som kjent til Fitjar Elektro, og Knut Bjørn og Tor Gunnar Andersen tok i mot på vegnar av det ekspanderande firmaet.

Årsmøtet vart elles ein fin næringslivskveld, mykje meir enn eit vanleg årsmøte. Samlinganga fann stad i Vik-Sandvik sine lokale, og nær 50 frammøtte må seiast å vera svært bra i denne samanhengen.

Av programmet nemner me:

Svein Sandvik orienterte kort om oppkjøpet av Vik-Sandvik, og fordelene med å vera ein del av Wärtsila-konsernet, og ådmann Atle Tornes hadde innlegg om eigedomsskatt, der ein fekk vite meir om blant anna satser og taksering. (Det var ikkje lagt opp til debatt, men publikum fekk stilla spørsmål om det dei lurte på.)

Vidare orienterte Nils Audun Gerhardsen frå Sparebanken Vest om Frende Forsikring, og John Bjordal om at han at han tek over stillinga til Arve Havnerås som rådgivar innan bedriftsmarkedet Stord / Fitjar, med ein dag i veka på Fitjar.(Arve Havnerås tek over som ass. banksjef i Sparebanken Vest, avd. Stord den 1 juni.)

Elles orienterte leiar for bedriftsmarked Stord / Fitjar i Sparebanken Vest, Svein Ottesen, om finanskrisa. Kva som var opphavet, korleis den utvikla seg og kva tiltak som er gjort for å minske den.

Dei vart òg omvisning i dei fine kontorlokala hos Vik-Sandvik, og til slutt vart der servert gryterett i kantina, før Varaordførar Gisle Levåg delte ut Næringsprisen til Fitjar Elektro.

Etter valet ser styret i Fitjar Næringsråd slik ut:

Odd Sverre Larsen leiar,
Monika Hatlevik styremedlem,
Tom Innvær styremedlem,
Harald Rydland styremedlem (repr. for Fitjar Kommune),
Unn Vigdis Skåthun varamedlem,
Magne Skumsnes varamedlem.