Fitjar Arbeiderparti har halde årsmøte med stortingsrepresentant Magne Rommetveit som føredragshaldar. Nedanfor kan du lesa meir av referatet frå møtet.

«Rommetveit var innom ein del aktuelle tema som galdt nasjonale, regionale og meir lokale saker. Sidan han sit i Transportkomiteen var det der han hadde sitt utgangspunkt for innlegget, men det vart også høve til å belysa andre viktige saker, som medlemene i Fitjar Ap var opptekne av. Som stikkord kan nemnast ferjefri kyststamveg, samhandlingsreforma, strandsoneforvaltninga, Hardangerfjordforskrifta m.m. og tips frå andre aktuelle saker.

I den lokale politiske debatten var det gruppeleiar Toralv Røen som hadde innleiinga, som mellom anna tok for seg avtalen mellom Fitjar Høgre og Fitjar Arbeidarparti.

Ap sine representantar har fått viktige posisjonar, der m.a. varaordførar Agnar Aarskog og leiar i Oppvekst og omsorg Toralv Røen er dei mest sentrale, men også fleire andre posisjonar vil syna att dei næraste åra.

Årsmøtet var godt nøgd med dei avtalene som styret/AP-gruppa hadde fått gjennomført. Utgangspunktet er godt, og AP sin politikk syner att i det politiske Fitjar.

Både kommunestyregruppa og styret/medlemene ser fram til nokre aktive år i Fitjar-politikken, der Fitjar Ap sine verdiar heilt sikkert vil verta lagt merke til.

Etter årsmøtet ser styret slik ut:

Leiar Ove Gjerde

Nestleiar/Kasserar Roger Nesbø

Skrivar Ida Marlen Havn

Styremedlem Vigdis Røen Leirvik, Roar Pedersen

Vara Eva Pernille Tufteland, Dan Torbjørnsen

Revisor Anne Sissel Raunholm Engevik

Valnemnda Kjell Magnar Helland, Vigdis Aarre Olsen og Inger Røen.