Anne Sissel Raunholm Engevik held fram som leiar i handballgruppa i Fitjar Idrettslag, etter eit roleg årsmøte onsdag kveld.

I det nye styret får Anne Sissel med seg Lars Bjarne Korsvik, Bente Volden Mjønes, Bjørg Nesbø, Kenneth Rasmussen, Nina Volden og Hege Vågen. Styret konstituerer seg sjølv.

Av årsmeldinga går det fram at handballgruppa har kontroll over økonomien. Rekneskapen viser eit solid overskot, men det skuldast delvis at handballgruppa har utsett ein del store utgifter til 2009. Bl.a. må det kjøpast inn mange nye drakter i år.

Andre positive punkt er at laget no har 3 lag på gutesida, G9, G10 og G12. Inkludert seniorlaget i 5. divisjon har dei 6 lag på jentesida. I fjor var eit jentelag på Holstebro Cup i Danmark, og eitt lag deltok i Harald Hårfagre Cup i Haugesund. Damelaget har hatt ein god sesong så langt, og ligg på 3. plass i 5. divisjon.

Eit svært vellykka tiltak i fjor var handballskulen i vinterferien, der om lag 60 barn frå 7 til 12 år deltok. Handballgruppa satsar på å gjenta suksessen i vinterferien i år.