På årsmøtet til handballgruppa i Fitjar Idrettslag tysdag kveld blei Anne Sissel Engevik vald til ny leiar. Ho avløyser Jan Kåre Mehammer, og blir den første kvinnelege leiaren i handballgruppa.

Når Jan Kåre no gir seg, har han sete som leiar i handballgruppa til saman i 8 år, fordelt på 3 periodar. Anne Sissel blir leiar for eit sterkt kvinnedominert styre, der Lars Bjarne Korsvik blir einaste hane i korga. Resten av styret i 2008 ser slik ut: Anne Kristin S. Rydland, Elin Skogen Rimmereid, Bente Volden Mjønes og Anita Helland. 

Årsmeldinga til handballgruppa fortel om ei gruppe i positiv utvikling. Eit underskot i 2006 er snudd til overskot i 2007, og gruppa har god styring på økonomien. Ved utgangen av 2007 var det 85 aktive medlemmer i laget, fordelt på 7 lag. Damelaget spelar i 5. divisjon, og elles har klubben 6 lag i dei aldersfastsette klassane. Dessverre er berre eitt av desse eit gutelag, for gutar fødde i 1995, 1996 og 1997. Gruppa ser det som ei naturleg utfordring å stabla på beina fleire lag på gutesida.   

Viktige utfordringar i for det nye styret blir å auka aktiviteten i handballen i Fitjar, behalda og skaffa gode trenarar og oppmenn, støtta og kursa dei unge trenarane, og sikra inntekter for å halda oppe likviditeten i gruppa.  

Men første utfordringa blir handballskulen i vinterferien, som me har omtalt tidlegare i Fitjarposten. Handballgruppa er godt fornøgd med påmeldinga.Tysdag og onsdag 19.-20. februar kl. 10-14 møtest om lag 50 unge, håpefulle til leik og moro i idrettshallen.