På årsmøtet torsdag kveld fekk endeleg grunneigarlaget valt nytt styre.

Det har vore stilt om grunneigarlaget for Storavatnet i fleire år, men torsdag kveld heldt dei årsmøte. Her blei Håkon Rydland Sæbø vald til ny leiar, og elles ser det nye styret slik ut: Styremedlemmer: Oddvar de Fine, Kjell Olav Nygård, Randi Dalen og Hans Birger Nesbø. Varamedlemmer: 1. Ole Sandvik og 2. Halvard A. Tislavoll. Styret konstituerer seg sjølv.

Sist me høyrde frå grunneigarlaget var i samband med prøvefisket hausten 2007. Dette kan du lesa meir om på nettsida til Fitjarposten.