Den største gruppa i Fitjar Idrettslag, fotballgruppa, avvikla årsmøtet sitt onsdag kveld. Tore Nesbø hadde sagt frå seg attval etter å ha sete som leiar dei siste seks åra. Han blir etterfølgd av Stein Helge Simonsen.

Tore har lang fartstid i styret og sat som sekretær og leiar i fleire år på 1990-talet. Etterfølgjaren hans, Stein Helge Simonsen, er eit meir ”ubeskreve blad” i styresamanheng i Fitjar Idrettslag. Det er alltid spennande med nytt blod, men Stein Helge får mykje rutine med seg i det nye styret: Stein Gunnar Halleråker, Britt Lise Volden, Ann Kristin Larsen, May Britt Sandtorv, Aslaug Amundsen, Sonja Fitjar Waage, Gjert Ståle Olsen, Elin Kvia og Kåre Olav Skram.

Som kjent rykte A-laget til Fitjar ned frå 3. divisjon, men det seier ikkje alt om den sportslege aktiviteten i fitjarfotballen. Av årsmeldinga kan me lesa at laget aldri har hatt så mange aktive fotballspelarar som i 2007. Over 300 spelarar på 25 lag har vore med i sesongen som gjekk. A-laget er inne i eit generasjonsskifte, men med så mange unge fotballspelarar på frammarsj treng det ikkje ta lang tid å komma seg ovanpå igjen.

Av vellykka arrangement i fjorårssesongen blir nemnt bl.a. Tine fotballskule, som fotballgruppa arrangerte. Her har mange av ungdommane i gruppa fått prøva seg som dommarar og instruktørar. Styret er opptatt av å ta vare på og vidareutvikla trenarar og lagleiarar på alle nivå, og derfor har utdanning vore eit satsingsområde dei siste åra. Arbeidet til Roald Nilsen med dommarrekruttering og trenarkursa til Roy Inge Stegane blir nemnt spesielt.

Frammøtet på årsmøtet var lite når ein tenkjer på den store aktiviteten. Men kanskje det reflekterer at det ikkje er dei store kontroversielle sakene på gang, og at brukarane har tillit til skuta blir styrt med stø hand. Det var i alle høve eit roleg møte der det blei meldt om god aktivitet i alle ledd.