Sonja Fitjar Waage held fram som leiar i fotballgruppa i Fitjar Idrettslag etter årsmøtet tysdag kveld.

Med seg i det nye styret får Sonja Fitjar Waage med seg fleire gamle kjenningar:

Geir Tore Søreide, seniorleiar
Kjetil Rydland, sekretær
Oddbjørn Thomassen, kasserar
Tore Nesbø, ungdomsleiar
Ann-Kristin Larsen, minileiar
Britt Lise Volden, styremedlem
Elin Kvia, varamedlem
Ronald Hareide, varamedlem

Her skulle vera nok rutine og handlekraft til å føra skuta vidare med stødig hand.

Fitjar-fotballen har bak seg eit nytt år med nedrykk for A-laget. Men på den andre sida hadde damelaget ein strålande sesong under leiing av trenar Stein Gunnar Halleråker. Den enda med kretsmeisterskap i 1. divisjon 7-arfotball. Når det gjeld A-laget for herrar, er det godt håp om at tendensen etter kvart snur. Her er mykje talent og treningsvilje samla på ein plass, i ein A-lagsstall med ein gjennomsnittsalder på 17-18 år.

Som vanleg har fotballgruppa bak seg ein sesong med god aktivitet i dei aldersfastsette klassane. Og økonomien er under kontroll, med overskot i 2008. Frammøtet på årsmøtet var også denne gongen i minste laget. Men me får tru det er uttrykk for at folk har tillit til dei som styrer skuta.