Klubben hadde nyleg årsmøte i garasjelokalet til Ole Vidar Helland på Rydland.

Rundt 20 medlemer møtte opp i det innhaldsrike lokalet. Det er knapt eitt år sidan stiftingsmøtet, men det er alt kome 40 medlemer. Dei har til saman over 40 bilar, pluss diverse mopedar, motorsyklar og traktorar. På sida av oss rommet stod ein av dei gamle VW-drosjane frå Rydland. Den vert no restaurert.

Erlend Helland vart attvald som formann, og elles i styret sit Terje Peder Torland, nestformann, Konrad Westvik, skrivar, Vidar Grimen, kasserar og Morten Bauge Torland, styremedlem.

Klubben har oppretta eiga nettside, men det trengst ein person som kan ta ansvar for denne. Det vert også utarbeidd logo i nær framtid.

Fitjar Veteranbilklubb skal vera ein samlingsplass for dei som er interesserte i gamle køyretøy. Det vert tur til «Ulvenmarkedet» førstkomande laurdag, deltaking på ulike arrangement lokalt, tankar om fellesturar til bilmuseum og andre sosiale treff. Klubben var godt synleg på Fitjarfestivalen i fjor, og det er ein god arena for å syna fram alle godbitane som finst rundt i bygda. Alt no i april er mange av bilane ute på tur når vêret er på vår side.