Måndag kveld avvikla Fitjar sogelag årsmøte, og valde Bård Inge Bø til leiar.

Det var godt frammøte med 14 historieinteresserte på årsmøtet i sogelaget. Alf Gjøsæter leia møtet, og Marta Eidet Helland la fram rekneskapen. I fjor gav sogelaget ut eit sogeskrift som har fått mykje vellæte. Av dei 500 trykte hefta er det selt nærmare 300 eksemplar.

Bård Inge Bø blei vald til leiar. Med seg i styret får han Alf Gjøsæter, Harald Westerheim, Marta Eidet Helland, Leif Rune Vestvik, Rasmus Fitjar og Magnar Kloster. Alle vart samrøystes valde, leiaren for eitt år og dei andre for to år. Styret konstituerer seg sjølv.

Leiaren i Stord sogelag, Lars Mæland, heldt eit interessant foredrag, der han understreka kor viktig det er å ta vare på fortida. Stord sogelag vart skipa i 1995, og har frå 2013 heile Stord som arbeidsområde. Laget har gjeve ut sogeskrift kvart år sidan 1996; innhaldslista er å finna på heimesida til Stord sogelag. Laget har laga årshjul for medlemmene, med lokalhistoriske vandringar, møtekveldar, skrivestove om hausten osv. Lars Mæland viste også til facebook-gruppa «Tysnes før i tio», som han meinte var ein god idé til å nytta den nye teknologien i lokalhistorie.

Etter matøkta drøfta årsmøtet idear til arbeidet framover. Aktuelle prosjekt er bl.a. kyrkjevegen/likvegen mellom Vestbøstad og Fitjar, og ei minneplate på kolerakyrkjegarden. Andre idear er gamle bilete på facebook og utstilling av bilete der folk ferdast. Og sogelaget reknar med å gjenta suksessen frå i fjor og gi ut eit nytt sogeskrift i 2014.