Gisle Vik blei attvald som leiar i Fitjar Skyttarlag på årsmøtet onsdag kveld.

På årsmøtet i Skyttarhuset blei Ann Kristin Gloppen vald inn i styret, etter Kjetil Grimen, som gjekk ut av styret. Knut Vik tok attval som styremedlem.

Saman med Nils K. Rydland tok Knut Vik òg gjenval for to nye år i miniatyrnemnda.