Fitjar Senterparti har hatt årsmøte. Referatet kan du lese nedanfor.

Lokallaga i Senterpartiet har årsmøte om hausten, og lokallaget i Fitjar har tradisjon for å halda møtet i slutten av november. Slik vart det i år også, på fast stad, i Peraløo i Vik.

Fylkeslagsleiar Jostein Ljones møtte som gjest. Han sa at det å vitja dei ulike laga er noko av det mest gjevande ved leiarvervet. Elles fortalde han frå arbeidet i fylkeslaget og utfordra dei frammøtte på lokale saker. Naturleg nok var arbeidet på Fv 545 og om korleis finansieringa av vegstrekningane som skal utbetrast, mykje diskutert. Her står Fitjar og Stord mot Os. Vidare snakka han om kommunereforma som er på gang. Senterpartiet er ikkje imot at kommunar slår seg saman, men imot tvangssamanslåing. Utgreiingane som kommunane held på med for tida, kan gi svar på mange spørsmål. Likevel er ikkje det sikkert at samanslåing er løysinga over alt. Medlemmane i Fitjar Sp har diskutert dette breitt og ser både negative og positive sider ved ei samanslåing. Betre fagmiljø innan ulike sektorar er svært positivt, men at reforma gir betre demokrati, er verkeleg tvilsamt. Nå er det 17 representantar i Fitjar kommunestyre, i ein storkommune i Sunnhordland vil det bli få representantar frå heile kommunen, kanskje 2 – 3?

Ljones kom også inn på det store spriket i grunnsyn mellom dei blå-blå og Senterpartiet når det gjeld budsjettarbeid og kommuneøkonomi. Ein kommune sitt arbeid er å sikre velferd, frå vogge til grav. Senterpartiet sitt syn er at fellesskapet har ansvaret for den enkelte sine rettar og vern, og står for ei utjamning mellom samfunnsgrupper, mellom landsdelar og mellom fattige og rike land. At dei blå-blå har eit heilt anna syn på fordeling kjem tydeleg fram gjennom forslaget til statsbudsjett.

Årsrekneskap og årsmelding vart godkjende. Rekneskapen viser overskott som kjem vel med til valkampen komande år. Årsmeldinga viser jamn innsats i politisk arbeid og deltaking på fylkesplan. På fylkesårsmøtet hadde Fitjar innspel til ein resolusjon om arbeidstid i skulen, og uttalen vart vedteken. I haust har arbeidet med skulebruksplanen i Fitjar engasjert mange. Senterpartiet er tydeleg på at me må halda på dei tre grunnskulane i kommunen.

Medlemstalet er stabilt, men ein burde vore meir aktiv med verving av fleire medlemmar. Elles har Sp ikkje representant i utvalet for Plan og miljø, og det er eit sakn. Kommunestyrerepresentantane Grete Marit V Maraas og Lars Ove Rimmereid, peika på at det er godt samarbeid med dei andre opposisjonspartia i kommunestyret.

Nominasjons- og programarbeid for neste års val er godt i gang, men listeframlegget er ikkje klart. Sverre Sæterbø leier arbeidet i nominasjonsnemnda, og Lars Ove Rimmereid leier programarbeidet. Desse to er også med i styret vidare i tillegg til Karen Elisabet Rydland Sæbø, Katrine Aarbø Solheim, Gro Rydland og Per Drønen (nyvald). Hildegunn Westerheim Sørvik takka nei til attval.

G R referent

Ingressbilete: Grete Veka Maraas og fylkesleiar Jostein Ljones.